Velkommen til nytt barnehageår 11 august 2015

Vi er i gang med å førebu eit kjekt år. Tema dei neste 3 åra er "Naturen som leike og læringsarena"

Har foreldra ynskjer og idear innanfor tema, så gi oss ei tilbakemelding. Vi er alt i gang med planlegging og trur dette skal verte kjekt.

10. august er det planleggingsdag og barnehagen held då stengd. Arbeid denne dagen vert HMS, fagleg og praktisk førebuing til nytt tema og år, personalsamarbeid.

Vi ser fram til å sjå kvar og ein.

Velkommen!