HMS arbeid i Mosmarka barnehage

Informajson om HMS arbeidet i Mosmarka barnehage SA

Vi oppmodar foreldre til å tenke sikkerheit. Kva kan vere farleg for barna?: Hettegenserar, Snorer i hals, Snorer, belter, vesker og sekkar, Små leiker som kan sette seg fast i halsen m.m. 

Gjennom PBL har vi fått kurs innanfor HMS arbeidet. Solrun Solbakken (verneombod) og Nina Følsvik var på Kurs i Oktober 2013. 

Nokre hovudpunkt gjennom året kjem her.

- Planleggingsdagen i august: Informasjon om HMS arbeidet i barnehagen. Rutinar og kontrollar.

 Dette er noko av det vi kontrolerar:

-Sikkerheit på Utleikeplassen: Dagleg ettersyn (personalet) og kontroll med ekstern leikeplasskontrolør annankvart år. Desse var her våren 2014.

-Sikkerheit inne: dagleg av personalet.

-Risikovudering av området rundt(utanfor) barnehagen vart gjort vinteren/vår 2014

-Sorg og krise perm vert gått gjennom med jamne mellomrom på personalmøte. Tema i denne er

 skilsmisse, dødsfall, mobbing, brann, barn som veks opp i heimar med vold/seksuelt missbruk m.m.

- HACCP : IK mat. Sikring av gode rutiner ved handtering av mat og kontroll av matvarene sin temperaturar og holdbarheit.

-Førstehjelpskurs hadde vi våren 2014 med Eilev Mo. 

-Kurs om medisinering av barn i barnehagen. Desember 2013

-Brannteknisk analyse hadde vi med Ose ingeniør, med oppdatering av rømningsplanar m.m våren 2014

-Brannveke V. 38 - der barn og vaksen øver på brannrutiner.