Litt om oss

Mosmarka Barnehage. -med fokus på vennskap, motorikk og naturopplevingar. Ein stad der borna skal være trygge, kjenne raushet, føle glede/humor og skape nye vennskap. Mosmarka barnehage er open heile året. Born og foreldre har tilbod gjennom heile barnehageåret, vi har ope også Jul, Påske og heile sommaren.

Barnehagen kan tilby plasser for born i alder 0-6 år.

Vi legg vekt på å eit godt vennskap i barnehagen. 

Barnehagen lagar til til næringsrik kost kvar dag, alle avdelingane har varme måltid kvar veka. 

Barnehagen har gymsal, mange leikerom, mykje pedagogisk materiell, 2 minibussar, grillhytte, gapahuk, ballbinge, akebakke med snøkanon, sykkelbane og mykje meir. Dette gir oss naturlege motoriske muligheite, både i barnehagen og i nærmiljøet.

Barnehagen har Ørsta si flottaste og beste barnehage tomt, vi har eit stort og variert uteområde. Kom gjerne på besøk til oss. 

Siste åra har vi oppgradert uteområda våre. Både dei minste og dei eldste har fått seg nye spennande områder med utfordrande leikeapparat. 

Med kort vei til skog og mark, til fots eller i ein av minibussane våre. Vi opptatt av at alle i barnehagen skal få gode naturopplevingar.