Planleggingsdagar

Alle avdelingane skal legge ut på vekeplanen når det er planleggingsdag. Personale skal ha 5 dagar med planlegging iløpet av eit barnehageår. Desse dagane vil barnehagen være stengd.

Planleggingsdagane vil som regel bli plassert i august, oktober, januar, mars og mai.

Den i August brukar å være første barnehagedag i nytt barnehageår, måndagen i veke 33.

Oktober planlegginga blir som oftast lagt til ein av dagane i haustferien (skuleferie), dette er ofte ein felles kursdag for alle barnehagane i Ørsta. Derfor kan denne dagen variere litt, avhengig av foredragsholdar.

I januar kvar år startar vi med ein planleggingsdag, så dette er første kvardagen etter nyttår.

Mars planlegginga er også vanlegvis felles mellom alle barnehagane i Ørsta, derfor kan denne dagen variere litt frå år til år. Skal prøve å ha denne datoen klar til foreldremøte hausten før.

Den siste planleggingsdagen blir som regel ein fredag etter raud torsdag. (langhelg for born/foreldre?). Ofte fredagen etter Kristi himmelfartsdag.

 

Følg med på vekeplanane til avdelingane, legg den inn som varsel på telefonane. Skaff dokke appen KIDPLAN.