PLANLEGGINGSDAG 11. AUGUST 2014

Planleggingsdag 11. august 2014 - Barnehagen stengd!

11. August er det igjen tid for nytt barnehageår og Planleggingsdag. Barnehagnen er då stengd. 

Tema for dagen vil vere -  Om å kome tidleg inn - frå eit kurs Nina og Siv Bente var på i vår. Dette omhandlar informasjon om hjelpeinstansar som kan støtte og hjelpe familiar og barna. Dette kan vere heilt får små hjelpetiltak til større.

Temaet heng saman med mange av dei kursa vi deltok på barnehageåret 2013-2014 og vil fortsetje som ein raud tråd framover.

Vi arbeider med å få til eit tema innanfor dette på foreldremøtet i haust.

I tillegg vil det vere gjennomgang av HMS rutiner og systematisering av desse i kvardagen. Dette for å sikre ein trygg dag for barna, personalet og foreldra. ( dette er fast innslag kvar haust for at nytt personale skal ha same kunnskap som dei som har arbeida her i mange år)

I tillegg vert det div. informasjon fra ledelsen til personalet. Oversikt over møter framover og førebuing til Tilvenning.

 

Vi vil ynskje alle foreldre og barn ein god sommar og velkommen tilbake til hausten 2014

Vi gler oss til å ta til på eit nytt år med både "Gamle" og nye foreldre og barn.